[email protected]


Logo
Bli medlem
Bli medlem!

Rapport frå fellestrening 19. og 20. september

Forfatter: Knut Gramstad

20. september 2020

Forside
News article image

Det var god vermelding til laurdag, og 8 spreke syklistar sykla rundt øya. Det blei ein alt for rask runde for Frode, Espen, Pål, Knut L., Jan Istvan, Gunnar, Vidar L. og Knut G. (i alle fall for sistnemnde).

Målet er framleis ei roleg trening. Dette er ikkje plassen for å visa styrke! Ein vismann har sagt at dei rolege turane ofte blir for harde, medan dei harde treninga ikkje blir harde nok.

Remi, Knut L., Jostein, Roald og Knut G. fekk dette til på søndag med ein roleg tur i fint haustver. Remi og 2 x Knut avslutta med bolle og kaffi i Roleghaugen.

Knut